mandag 8. juli 2019

Draumen om å spele i rockeband


 Denne sporadiske blogginga er til å rive seg i håret av, men av mangel på plattformer til å skrive for andre enn meg sjølve, legg er det no ut. Stas om du les. 

Rockehår og rot på kjøkkenbenken 
Eg har ein draum. Eigentleg har eg mange ulike draumar, men den siste tida har eg tenkt på dette igjen og igjen, og no nytter eg høvet, når Noreg er i sommarmodus og eg sjølve berre driv dank (eller heiltidshusarbeid, som det vel eigentleg heiter når ein er heime i ferien). Eg har ein draum, og den er på mange måtar både tåpeleg og særs egosentrisk i ei verd der eg burde ha draumar om å redde verda og gjere mitt for ei betre framtid (og tru meg, eg drøymer om det òg), men eg drøymer om å spele i rockeband! 

Det er ein temmeleg tåpeleg draum, for eg kan berre tre grep eller så på gitar, eg har ni (9) kvarter med pianoundervisning og sjå tilbake på, og speler nok berre til husbruk, eg har ei skulder som etter å ha tatt imot resten av meg, ein koffert, ein ryggsekk og ein kaffikopp ein glatt januarmåndag, ikkje kan traktere trommer, ein nakke som nok ikkje toler utagerande digging og eg har ikkje puddelrockhår. I grunnen likar eg og best musikk kor eg greier å høyre tekstane, og ikkje berre tenkjer på at eg burde gitt vokalisten ein halstablett, og eg tenkjer at åletrange skinnbukser kan andre ha på seg så mykje dei vil for meg. 

Eigentleg veit eg ikkje om draumen er så mykje å spele i rockeband, som å være del av eit musikalsk fellesskap. Eg har så lyst til å være ein del av den gjengen som framfører noko, og som trur på det dei gjer, og som ristar laus utan å tenkje så veldig mykje på om det er sømeleg eller sunt å hoppe rundt med armane over hovudet. Eg har lyst til å synge høgt, eg har lyst til å rocke laus og eg har lyst til å være med- eg har dugande altstemme og eg er habil på tamburin og triangel, om så berre for ein kveld!

Eg er ikkje i same alder som dei mest framståande rockeartistane som turnerer hardnakka, og ikkje er eg i alderen til strengemusikantar (når eg tenkjer meg om er vel dei i same aldersgruppa), men eg er heller ikkje i den unge og hippe alderen kor ein berre gjer ting. Berre fordi ein kan. 

Eg er ein draumar. 

Eg drøymer om å være ein del av noko større, om å synge så høgt og så saman med andre, at taket lyfter seg sånn bittelitt, iallfall. 

Så eg er redd det blir med draumen. Om det då ikkje er ein lesar med eit rockeband (eller noko anna liknande) som tenkjer at dette er nett det dei ser etter. Då er eg klar. Som eit egg (rytmeegg! Bada-tching).

Eg ber ikkje draumen åleine. Forleden åt eg middag i Fredrikstad. Inn døra kom ei dame, langt lenger nord i livet enn meg, temmeleg lut i skuldrene og heilt grå. Ho stavra etter ein spenstig kelner, og eg rakk å sjå handveska hennar lenge og vel før ho sank ned ved nabobordet: handveska av den store, solide bestemorssorten, var pryda av eit stort bilete av ein smilande (og ung) Elvis Presley. Eg smilte til dama, og nikka det eg voner var eit ”du og eg, altså… du og eg…”-nikk, før ho forsvann ned i menyen. 

Kan hende eg berre  skal kjøpe meg ei handveske med ein rockehelt på, jo før jo betre. 

Eg er ein rock´n rollar
In my next life, I'm going to be a rock star. I was a ballerina in my last life. 
Kate Moss

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar