tirsdag 29. mai 2012

Eg har den geniale løysinga på streiken! Heilt sant! Kors på minnepennen!

Innan dykk no knelar ned i djup vørdnad for mine makelause tankar, vil eg, ikkje direkte audmjuk, men i alle høve med ein viss innsikt, berre takka dykk som eg lot meg inspirera av, for det er de som sette meg på tanken, og det er mange av dykk der ute, eg er særs takksam for innspel og ikkje minst herlege kommentarar i ymse sosiale medium. Hjarteleg takk!!!!

Jau, poenget mitt er: Kvifor treng me no lærarar, fagarbeidarar, politi, førskulelærarar osb, osb. Kva skal me no med desse, når det heile kan løysast med EIN MANN (Mann. Sjølvsagt. Noko anna er ein annan diskusjon eg ikkje ynskjer å ta her, nett no)!!!

The answer, my friend. Moglegvis ikkje blåsande med vinden
Ja, og eg talar sanninga: Me treng berre ein mann. Med hjelp av ymse tenester frå the WWW og liknande, sjølvsagt. Ein mann. Eg har sett det sjølv, på TV. Han bør vere kroppsleg sterk, ha ei god mental helse og vere flink med prat. Det ser og ut til at han bør vere høgreist og ha alt håret i behald, sjølv om eg er noko usikker på kvifor. Det skal ikkje så mange operasjonane til, dei veit nok korleis dei gjer i Det Lova Landet (Amerika), men me byggjar om hjernen, vitet og kroppen hans til å vere nett slik me vil. Til å utføra dei tenestene me treng. Me lagar ein CYBORG, slik at han rekk over alle dei vanskelege og utfordrande tinga, han underviser foran eit kamera, trøyster foran kamera (er noko usikker på om kombinasjonen cyborg og bæsjebleie vil fungere, men...), les bok, har gym (det er utruleg kor spretne dei kan vera, cyborgane, sjølv om dei går litt tungt!), medisinerer dei som treng det (stikk ut handa og vips), viser kjekke filmer frå internett elevane sjølvsagt lærer mykje frå, og kommuniserer med dei kriminelle ved hjelp av laservåpen laserteknologi. Slit han litt med å rekke over alt, konstruerer me berre ein tidsmaskin eller noko, eg har sjølv sett fleire interessante dokumentarar om emnet ("Tilbake til fremtiden 1-3").

Ved nærare ettertanke, kva treng me eigentleg elevane til, me kan ve gjere dei til cyborgar dei og, så slepp me alt dette maset med oppseding og slikt. Og småborn, takke meg til ein cyborg eg kan programmera til 12-timers svevn! Det same med husdyr, kriminelle, dei i rullestol eller liknande. Gamle, svakelege, passøkarar, skattebetalarar og ikkje minst denne irriterande småbornsforeldrefasen, alvorleg talt, dei er jo sjuke eller har planleggingsdag konstant!Nei, inn med cyborgane!

Jepp. Løysinga er her. Ingen treng ei krone, for me lever no på 2000-talet og burde for lenge sida sveva rundt i aluminiumskleda våre og eta piller til lunsj.

Slit du med å lesa kva som står på dette bakstreverske, gamalmodige språket, seier du? Don't worry! Become a cyborg!


Helsing Majka, jenta frå verdsrommet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar