torsdag 12. november 2015

Ein blues i november

Eg sit åleine i stova. Vinden knirker ute, lauv dansar i lyset frå gatelykter. Regnet strøymer skrått
nedover, og eg sit åleine og kjenner november prikke i nakken min, kjenner november som ein klump i magen, sliten rygg, føter som ikkje orker lea seg. November er i hendene kring kaffekoppen, og i flammen som danser på peisen. November er vemod og ettertanke, alt som kunne vært men ikkje er, november er sus i sjøen, bølger som stig, ein skugge i sjela og eit mørke over smilet. November er den tjukke genseren og å gøyme seg bak eit skjerf, november er kakao og stearinlys, ull som klør og kalde fingertupper. November er å gå ute i været og bøye seg mot vinden, kalde kinn og våte sko. November er tanken på det som var og det som skal kome, og november er saknet etter dei eg skulle ønske var her no, november er lengsel og smerte, von og glede. November er å hugse, november er å håpe.

November er åleine. Og saman.

November er ein blues som stig mot dei mørkeste djupa og dei lysaste høgdene.

November er å høyre på Leonard Cohen som syng Almost like the blues. Noko eg tenkjer du bør gjere.